Åhomnuten er ein topp på 841 moh. i Vrådal. Toppen er med på Ti-topparen. Turen starter på Heia (toppen av Kviteseidkleivane). Dersom det er stemning for det, går vi oppom Dyrskardnuten, som og er ein Ti-toppare på veg opp. Vi fortsett opp til toppen, og ned att mot Bergstøyl på andre sida. Vi vil ha nokon bilar ståande ved bommen opp til Venelifjell, og kjører tilbake til Heia.
Turen er på ca 9 km, og det er bratt stigning opp til Åhomnuten. Ca. 460 meter stigning på ca 3 km. Vi reknar ca. 5 timar. Turen er middels til krevande.