Go Norsk Friluftsliv to main content
12. Sep 2025

Åpning av padleruter i Eivindvik

Padleruter
Icon Tid
Kl. 09.00 - 14.30
Icon Arrangør
Gulen Kommune
Fredag 12. september klokka 11.00 er det offisiell avduking av tavle med Ro og Padleruter i Eivindvik. Eivindvik skule deltar på aktiviteter før og etter avdukinga, med båttur, kanopadling og natursti.

Avdukinga av tavla klokka 11.00 er open for alle, og me oppfordrer alle til å komme seg ut i båt, kano eller kajakk og benytte seg av desse flotte rutene. Spesielt no i friluftslivets veke (6-14. September).

Starten vart kartlegging av ruter med utgangspunkt i Eivindvik, og denne delen er no ferdig. Her har vi hatt veldig god hjelp av Leiv Ingmar Kaale. Skilttavla er på plass, den finn du på Prestekaia. Der er òg parkeringsplass. Tavla er universelt utforma, du kjem bort med rullestol og den er i sitjehøgde. 50 meter rett fram finn du naustet til Gulen kajakk-klubb, som leiger ut kajakkar. 

På tavla finn du og QR-kode til appen padleruter som syner deg ei heil verd av kartlagte ruter.

Icon Oppmøtested