Det vert årsmøte i Odda/Ullensvang Turlag onsdag 28 januar 2025 kl. 18:00 i turlaget sitt lokale i Kremarvegen 3.
Saker:
- Gjennomgang av årsmelding
-Val av nye styremedlem og styreleiar
-Namneendring
-Trekning av premier til OUT-Trimmen 2025
Det vert enkel servering!
Saker til årsmøte må være styret skriftleg i hende innan 18 januar. Har du saker du vil årsmøte skal ta opp sender du dei til odda-ullensvang.turlag@dnt.no
Til årsmøtet har vi i år invitert AK Teigland og han fortel om hans siste ekspedisjon til Antarktis:
«Vel møtt til innsida av Antarktis når hardingen AK Teigland deler opp- og nedturar frå verdsrekordforsøk på ski til Sydpolen. Ei ærleg soga der alt er med.
Ikkje alle soger endar med siger og flagget over hovudet. Nokre endar med nasen ned i snøen på 88 grader sør og ei sjukestove på Union Glacier. Nordmenn går til dei stuper hardingar går til dei (nesten) dauar. Draumen om å yta eit lite bidrag til norsk polarhistorie vart ikkje sann. Vel møtt til ei beretning om då hardingen, fjellmannen og bondeguten AK entra verdsscena i eit gladiatorprega fartsrekordforsøk til Sydpolen. Og litt om åndsverk, handverk, vilje, ære, hard rock, hovold og historiske heltar.»
Årsmøte er gratis og åpent for alle, men bare medlem har stemmerett ved val.
Velkommen!