Go Norsk Friluftsliv to main content
15. mars 2025

Aktivitetsdag på Øvre-Helland

Mer informasjon
Skjermbilde 2025 03 11 111757
Icon Tid
Kl. 12.00 - 15.00
Icon Arrangør
Modalen Idrettslag
Icon Kontaktperson
Bli med på ein kjekk dag ute med leik og moro laurdag 15. mars klokka 12.00-15.00. Grunna mangel på snø, samlast me heller på leikeplassen på Øvre-Helland.

Det vert fri leik, men med innslag av fellesleik dersom det er ønskjeleg. Me tek med utstyr til å spele tennis og basketball dersom nokon ønskjer det. 

Det er fullt mogleg å komme berre for å ta ein kopp kaffi og slå av ein prat. Me kjøper inn hot-dog, marshmellows saft og kaffi og fyrer opp i grill og bålpanne. Det vert sjølvservering. Den kommunale bussen køyrer frå Mo sentrum klokka 11.45 og returnerer 14.45. 

Ta kontakt med Jannike på 93680112 dersom du vil sitte på. Håper mange har lyst til å delta!

Icon Oppmøtested
Ein kan parkere ved butikken på Øvre-Helland, eller ved Samfunnshuset. Det går buss frå Mo klokka 11.45 og returnerer frå Øvre-Helland klokka 14.45. Ta kontakt med Jannike dersom du vil sitte på her.