Go Norsk Friluftsliv to main content
07. Sep 2025

Aktivitetsdag på Friluftsfyret Kvassheim

Mer informasjon
531218156 1277272747743645 5685006415901079926 n
Icon Tid
Kl. 11.00 - 15.00
Icon Arrangør
Jæren Friluftsråd
Icon Kontaktperson
Bli med på ein dag ved havkanten! Søndag 7. september inviterer me til ein gild aktivitetsdag ved Kvassheim fyr – der bølgjene, vinden og historia møtest. Her får både små og store sjansen til å bli betre kjent med fuglelivet, sjøredningshistoria, oppleva kystkulturen på nært hald og delta på mange aktivitetar.

Opplev fyret frå innsida, kjenn lukta av salt sjø og høyr forteljingane om dei dramatiske redningsaksjonane langs Jærkysten. For dei yngste: Eliasbåten legg til kai – klar for å spre glede!

Høgdepunkt for dagen:
- Bygg din eigen båt – og test den på vatnet etterpå.
- Lag din eigen rakett og send han susande opp i lufta
- Prøv deg på natursti, spleising, tauringar og mange andre kjekke utfordringar
.- Møt ornitolog Øyvind Gjerde og lær om trekkfuglane som stoppar på Jæren.
- Ta del i guida tur kl. 12 med Egil Harald Grude: historier frå sjøredninga si storhetstid.
- Kl. 14 blir det organisert plantevandring med Oddvar BilstadMe fortel òg historia om Ingermanland, det russiske skipet som i 1842 dreiv frå Kristiansand og forliste ved Jæren – ei dramatisk hending som sette djupe spor i lokalhistoria. 

Kaféen på Kvassheim fyr med god mat og drikke – perfekt for ein pause med utsikt over havet. 

Det er få parkeringsplassar ved fyret. Det vil gå gratis skyttelbuss frå Vigrestad stasjon kvart på og kvart over med første avgang 10.45 og siste kl 13.30. Avgang frå fyret heil og halv med siste avgang kl 15.00. 

Arrangementet er gratis, ope for alle og krev ikkje påmelding. Medarrangørar: Jæren friluftsråd, Besøkssenteret Våtmark Jæren, Hå historielag og Jæren kystlag

Icon Oppmøtested
Adresse: Nordsjøvegen, 4363 Brusand