Go Norsk Friluftsliv to main content
24. mai 2025

Båttur til Svanøy Hovedgard. Tur og kultur til Sunnfjords perle

Mer informasjon
Båttur til Svanøy Hovedgard. Tur og kultur til Sunnfjords perle
IconSted
Icon Tid
Kl. 08.00 - 20.00
Icon Arrangør
Nordhordland Turlag
Icon Kontaktperson
Rune Brundtland/Birger Tomasgard
95265955/91184915
nordhordland.turlag@dnt.no

Bli med på denne turen som er ein tur av dei sjeldne! Nordhordland Turlag legg til rette for at deltagerne skal få ein flott dagstur til ei øya med mykje kultur og historie. 

Vi reiser med katamaranen M/S Experience. Med godt utsyn frå snøggbåten får du oppleva vestlandskysten på sitt beste i mai. Først gjennom den Indre farleia i Nordhordland, vidare gjennom Gulen og Solund. Vi kjem til Svanøy ca. kl. 11.30. Det tek ca.15 min. å gå frå kaien og opp til hovedgarden.  Svanøy er den sørlegaste og frodigaste øya i Kinn kommune og ligg like sør for Florø. Svanøy har ei spanande historie som går langt tilbake i tid. På 1800-talet var øya det viktigaste senteret i regionen med stor aktivitet på eksport, skipsfart og gruvedrift. Hans Nielsen Hauge eigde ei tid Svanøy og haugianarane dreiv storproduksjon av salt. Dette og mykje meir får du vita av guidane som vil visa oss Svanøy Hovedgård som er frå 1600-talet. Vi har med oss «medbragt» varm betasuppe som turlaget serverer  frå Kilstraumen restaurant. Dette er einaste måltidet som er inkludert i turprisen. Ta difor gjerne med mat som du kan nyta på båten. På båten får du også kjøpt kaffi og drikke.

Avreise Knarvik snøggbåtkai kl. 08.00, avreise Vardetangen snøggbåtkai i Austrheim kl. 08.45. Møt fram i god tid.      Alle må legge inn i kommentarfeltet kor dei kjem på båten, Knarvik eller Vardetangen. Vi reknar med å vera attende på Vardetangen seinast kl. 19 og i Knarvik kl, 20. God og gratis parkering på begge kaiane laurdagen. 

Her kan du sjå kor Svanøy ligg: https://kart.finn.no/?lng=5.08183&lat=61.49614&zoom=11&mapType=normap&markers=5.12795,61.49776,r,Bruh%C3%B8gda+1

På denne turen gjeld følgjande avmeldingsregler: Avmelding t.o.m 30. april 100% refusjon av deltakeravgifta. Ved avmelding frå 1, mai t.o.m 16. mai refunderes 50 % av deltakeravgifta. Det trekkast eit lite avmeldingsgebyr frå deltakeravgifta ved refusjon. Ved avmelding seinare, eller dersom påmeldte ikkje møter ved avreise, blir deltakeravgifta ikke refundert. Deltaker må sjølv sørge for avbestillingsforsikring, gjennom reiseforsikring eller kortselskap. Den gjeld ved sykdom eller andre årsaker som hindrar deltaking. Avmelding skal meldast til e-post nordhordland.turlag@dnt.no. 

Vi tek atterhald om at det må vera minst 60 deltakarar for at turen vert gjennomført. 

Turleiarar er: Rune Brundtland tlf. 952 65 955 og Birger Tomasgard tlf. 911 84 915

Velkommen med på en unik tur med Nordhordland Turlag!

Icon Oppmøtested