Go Norsk Friluftsliv to main content
07. juni 2025

Bretur på Nigardsbreen med Barnas Turlag

Mer informasjon
Bretur på Nigardsbreen med Barnas Turlag
IconSted
Luster
Icon Tid
Kl. 09.00 - 16.00
Icon Arrangør
Luster Turlag
Icon Kontaktperson

Ta med ungarne på eit eventyr på blåisen på Nigardsbreen

Den 7. juni arrangerer Barnas Turlag Luster ein bretur på Nigardsbreen med Breførarlaget i Jostedalen. 

Denne turen er for "spreke unger" (og vaksne) som er i vanlig fysisk form og som har litt turerfaring frå før. Tidlegare breerfaring er ikkje noko krav.

Turen har ei nedre aldersgrense på 8 år, ev. at minste skostorleik må vere 33 som er min. storleik for å kunne bruke dei stegjarna breførarlaget har for barn.

Varigheit

Ca. 4,5 timer (frå parkeringsplassen ved Nigardsbrevatnet). På isen 1,5 time 

Ustyr

Ha med varme og vass-/vindtette klede, solbriller, turhanskar, matpakke og fjellsko. Kleda må dekke heile kroppen (ikkje shorts eller skjørt).

Deltakarane vil få utlevert nødvendig sikringsutstyr (stegjarn, isøks, klatresele samt hjelm til ungane).

Oppmøte 

- Prix Gaupne kl. 9.00 for samkjøring til Nigardsbreen. Turleiar vil ta ansvar for at alle får plass i bilar og at me kjørar samla til Nigardsbreen 

eller

- parkeringsplassen ved Nigardsbrevatnet ved skilt GUIDE kl. 10.00 

Rutevegleiing til parkering: https://maps.app.goo.gl/HZ6joZAqEapjKuMh6 

Oppgi ved påmelding om du møter på Coop Prix eller ved Nigardsbreen

Turleiar 

Liv Endresen (97512770)

Ved spørsmål til turen kontakt Luster Turlag: luster.turlag@dnt.no

Påmelding

Turen er gratis for DNT medlemar.

For ikkje medlemar er prisen 550,- for vaksne og 150,- for barn

Det svarer seg å melde seg inn - sjå meir om medlemsskap og meld deg inn her: https://www.dnt.no/medlem/ 

Det er begrensa tal plassar på turen så her er det først til mølla. Ved stor pågang er det mogleg at vi legger ut fleire plassar til turen.

Icon Oppmøtested