Go Norsk Friluftsliv to main content
20. juni 2025

Bretur til Slæom

Mer informasjon
Bretur til Slæom
IconSted
Stryn
Icon Tid
Icon Arrangør
Indre Nordfjord Turlag
Icon Kontaktperson

Bretur i Tor Greidung sine fotspor. Tor var ein av dei første som var med å starte Indre Nordfjord Turlag i 1977. Han var ein habil breførar og likte seg best når han hadde fjellfolk rundt seg på si kjære hytte i Vetledalen. Han var eigar av den ubetjente hytta i Vetledalen som idag vert drifta av Indre Nordfjord Turlag. 

Turen over breen til Skjåk gjekk lenge via Styggevasshytta og Hanspikja inntil Slæom vart bygd. Kupevatnet - Austedalsvatnet og Styggevatnet er no bygt saman, og i enden er det no ei svær demning. Oppdemminga medførte at Styggevasshytta vart flytt høgare opp i terrenget. 

Vi skal gå opp Vetledalen og inn på Vesledalsbren. Derifrå forbi Torsgryta mot aust og Sygneskasrsbreen. Her går vi av breen i enden av Kupevatnet og vidare mot Slæom for overnatting laurdag/søndag. 

Noko kraftig stigning opp til breen frå Vetledalssetra, og ein god del stein (steinur) å gå i når vi kjem ut av breen.

Deretter får vi eit lettare terreng mot Slæom. Søndagsturen frå Slæom til Sota går i kupert terreng og noko grusveg på slutten frå Mysubytta til Sota Seter. Her vert vi henta med buss tilbake til Stryn. 

Turen laurdag er svært krevande og krev at deltakarane er godt vande med litt kliving og steinurer. 

Vi anbefaler at ein reiser opp til Vetledalssetra fredag kveld og overnattar der til laurdag, då start er kl.07.00 Om ein vel å starte frå Greidung laurdag morgon må ein pårekne at turen inn til Vetledalssetra tar ca. 1 time. 

Gode sko (fjellsko) er eit krav då vi skal gå lenge på bre, gode kle - hugs hue og vottar og mat for to dagar. Både hytta i Vetledalen og på Slæom er det sjølvbetjening, så ein finn boksmat/tørrmat om ein vil nytte seg av det.

 Lakenpose/dunpose burde holde. Påmelding er godkjent når innbetalingsavgifta er betalt, og de vil då få melding om at de er registrert. 

Turavgifta inkluderer overnatting på Slæom og transport frå Sota tilbake til Stryn. Overnatting på Vetledalssetra må ein betale kvar for seg.

Oppmøte ved Strynehallen klokka 17.00. (Turstart ved Greidung ca kl 18.00)

Icon Oppmøtested