Vi møtest ved Strynehallen søndag kl 8.00 for samkøyring mot Utvikfjellet og til bommen på skogsvegen som går til Bergsstøylen/Kårstadstøylen/Myklebuststøylen. Dei som vil kan møte der, men samkøyring er bra.
Vi kan kanskje køyre eit stykke på skogsvegen før vi tar beina fatt mot Myklebuststøylen (645 moh.).
Vi går opp Høgemannsdalen og videre mot Storlogpiken. Det er eit drygt stykke heilt til Ceciliekruna (1717 moh.) men det er ikkje so bratt før siste bakken. På toppen får vi forhåpentligvis ei flott utsikt over Olden og toppane rundt.
Det er faktisk ein distanse på ca 18 km kvar veg og ca 1300 høgdemeter stigning. Retur går same vegen, men det går raskere tilbake sjølv om der og er nokon oppoverbakkar. Ein bør ha fjellski med stålkanter og feller, men randoneeski kan og gå fint. Ta og med skismurning. Dette er ein lang tur som vil vare 11 - 12 timar, så ta med rikelig mat og gode klede. Skibriller kan og være lurt å ta med.
Dette er ein tøff tur som krev godt vær for ein oppheld seg i høgfjellet i mange timar. Derfor kan den og bli avlyst.
Turleiarar: Terese Sunde, Bente Sunde og Odd Henrik Berge.
Det er påmelding via linken på heimesida. Ein får ei bekrefting på e-post når ein er påmeldt.
Turen er gratis for medlem i DNT/INT og koster kr 200 for ikkje medlemar. Ikkje betal før turen starter. Vipps 108817.