Go Norsk Friluftsliv to main content
28. juni 2025

Ekkodal-konserten (tonehimmel 2025)

Mer informasjon
Ekkodal konserten
Icon Tid
Kl. 10.00 - 16.00
Icon Arrangør
tonehimmel
Icon Kontaktperson
Konserttur til “Ekkodalen” i Ørsta, tonehimmel 2025, ein spesiell stad der vi skaper i samklang med naturen. Urframføring av nytt verk av Marianne Reidarsdatter Eriksen, i tillegg får du også høyre musikk av Magnar Åm og Jorun Merie Kvernberg.

Ekkodal-konserten2025 (Litledalen) i Ørsta 28. juni Turstar fra Barstadsætra kl. 10.00. Turen opp tek om lag 2,5 timar og vert leia av Kishore Gajendra. Der er god rås.

Bli med på tur til “Ekkodalen” i Ørsta, ein spesiell stad der vi skaper i samklang med naturen. Når forholda ligg til rette, er det heilt spesielle lydforhold her oppe. Men vi kan ikkje vite kva landskapet vil akkurat denne dagen, vi må spele med det som er, vere ein del av heilskapen og vil kjenne både på det nære og det fjerne, det vesle og det monumentale.

Du får oppleve URFARMFØRING av fyrste del av nytt verk av Marianne Reidarsdatter Eriksen for vokalgruppa Song Circus og to horn (Magnhild og Runar Tafjord)

“Sol luchet”, av Marianne Reidarsdatter Eriksen framført av Song Circus

“glimtar av ein famn” av Magnar Åm - skrive til Ekkodalen, til denne konserten omskrive til versjon for to horn framført av Magnhild og Runar Tafjord

Satsen "Månebøn" frå verket “Vardøger” av Jorun Marie Kvernberg, framført av Song Sircus og Runar Tafjord.

Billettar: Vaksen: 350,- Festivalpassbillett: 10,- Alle under 20 år: gratis

Icon Oppmøtested
Vi går frå Barstadsætra kl. 10.00. Turen er guidet og ledet av Kishore Gajendra. Det er god rås og turen tek ca. 2,5 timar. Konserten startar i dalen ca. 15.00.