Handlekveld med Intersport Erdal Sport
Vi inviterer alle DNT/IST-medlemmer til ein eksklusiv handlekveld hos Intersport Erdal Sport!
Tid: Torsdag 20.november.
Stad: Intersport Erdal Sport, Naustdalsvegen 1A.
Denne kvelden får du som medlem:
25 % rabatt på alle varer i heile butikken
Delta i kassalapplotteri med flotte premiar, trekning av TiTur2025
Kaffi og smaksprøvar
Eiga demonstrasjon og minikurs i skigliding
Dette er den perfekte dagen for å sikre seg julegåver, skitilbehør og litt ekstra inspirasjon før vintersesongen.
Handlekvelden kjem midt mellom Black Friday og nattope – men berre DNT-medlemmer får denne hyggelege bonuskvelden med ekstra høge rabattar & kjekke aktivitetar i butikken.
Hugs å ta med medlemskortet ditt i DNT!
Er du ikkje medlem enno eller treng finne fram medlemsbeviset? Dette kan du ordne digitalt her; https://www.dnt.no/medlem. Ved innmelding no får ein medlemsskap ut heile 2026!