Go Norsk Friluftsliv to main content
23. Aug 2025

Eventyr i parken

Mer informasjon
Gjøken Kiki og Buskelusk
Icon Tid
Kl. 12.00 - 13.20
Icon Arrangør
Samnanger bibliotek og Samnanger Turlag
Icon Kontaktperson
Eventyr i skogen/parken ved Samnanger bibliotek på Bjørkheim. Spanande vandreteater for heile familien (målgruppe 4-8 år).

Skogen treng hjelp, er du den rette? Sidan eldgamle tider har skogs-alvane passa på skogen vår og dei som bur i den. Dei passar på at jorda er frisk, lufta rein og at dyr og insekt gjer det dei skal. No er det skogsprinsessa Alva si tur til å bli dronning. Men alt går ikkje som tenkt på kroningsdagen... Rykter og vonde tankar spreier seg i skogen, og plutseleg er det vanskeleg å vite kven som snakkar sant, kor kjem desse mørke tankane ifrå? Skogen treng hjelp frå nokon med eit vakent blikk: menneska.

Ver med inn i skogsriket og opplev eit spanande vandreteater for heile familien! Målgruppe: born 4-8 år.

Kle deg etter veret. OBS! Hundar må vera att heime denne dagen <3

Icon Oppmøtested
Stad: Parken/skogen ved Samnanger bibliotek på Bjørkheim. Adresse: Bjørkheim 28, 5652 Ådland Parkeringsmoglegheiter og busshaldeplass like i nærleiken.