Får vi skikkeleg midtvinterlys blir turen, utanfor løyper, ei spesiell oppleving her i 1400 meters høgde.
Sjølv om vêrgudane har vore vrange enkelte år så prøver vi att! Temperatur, vêr- og snøtilhøve her oppe kan variere mykje på denne tida, turmål og -lengde blir lagt opp etter dette. Ved litt tung brøyting byter vi på å gå fyrst. Fjellski og stavar med skikkeleg trinse er difor best utstyr, evt. randonneski dersom turen går mot tindane. Dette avklarar vi rett før turen, etter påmelding. Uansett er det viktig med varme og vindtette klede, sitteplate, mat og varm drikke. Gjerne spade og vindsekk.
Rasletinden (2105 moh) kan vere aktuelt mål ved gode tilhøve. Eit anna alternativ er å ta ein runde austover på Flye, mot Store Nuten og Gluptindane. Eller å gå sørvestover, i retning mot Torfinnsbu. Det gjorde vi i 2020, det vart ein veldig fin og triveleg tur. Turlengde blir lagt opp ut frå vêr og føre. Kart: Øystre Slidre (1:50.000) v/ØS fjellstyre (ny utgåve 2015).