Surnadal JFF inviterer alle interesserte til familietur til Vaulen på Nordmarka. Det blir felles avgang frå parkeringsplassen ved Solsvatnet kl. 10.00. Turen inn til Vaulen tek i underkant av to timar, og går i lett terreng, men viss du har problem med å koma deg dit til fots, er det berre å ta kontakt med arrangøren. Dei vil så langt muleg sørgje for båtskyss innover. Framme på Vaulen vil det bli aktivitetar for både store og små, og sjølvsagt mat å få! Om nokon har lyst til å dra innover dagen før og overnatte, er dei hjarteleg velkomne til det! Sjå meir om kva du i så fall må ha med deg på https://www.njff.no/more-og-romsdal/surnadal.
Dette er eit arrangement som passar for både barn og vaksne. Uansett om du er stor eller liten: Still i klede og sko som passar veret! Det blir servert mat under arrangementet på søndag, men dei som vil overnatte frå laurdag, må ordne seg med mat til laurdag kveld og søndag morgon. Arrangementet er gratis, og har inga påmelding, men hugs bompengar for Vestre Nordmarksvegen!