Opplev ein magisk familietur til Træet gård!
Vaksdal turlag ynskjer å gjenta fjorårets suksess med lavterskel familietur til Træet gård på Osterøy. Denne turen er for familiar som er glade i å vere ute og ynskjer å oppleve denne idylliske plassen saman med andre familiar. Turen er gratis for alle.
Om plassen
Træet gård er eit gammalt restaurert småbruk som har enkle fasilitetar utan straum og med utedo. Garden er over 100 år gamal og har mykje sjarm. Det er 18 sengeplassar fordelt på 4 soverom. Garden ligg nydeleg til ved Torvavatnet der ein kan disponere robåt og kano som ein kan bruke til å fiske eller berre utforske området i. Kanskje nokon vågar seg til å ta eit lite bad? Uteområdet er rigga til med ein stor gapahuk med bålpanne og ellers er det fine turområder dersom nokon ynskjer å gå litt i fjellet. For meir informasjon om garden og området sjå her Træet Gård
Lørdag
Me møtes saman på parkeringsplassen på Blomdalsleitet og begynner turen mot garden. Turen er omkring 1 km lang. Vegen er gruslagt heilt fram til hytta og ein kan fint ta med sykkel for både store og små dersom ein ynskjer dette. Du kan fint gå turen med barnevogn.
Når me kjem fram til hytta vil det bli laga ein enkel lunsj i fellesskap ute. Borna nyttar området til frileik eller ein finn på aktivitetar etter eigne ynskje etter måltidet. Til kvelden lagar ein varmmat inne som me et saman.
Søndag
Lagar me til felles frukost, samarbeidar om utvask av hytta og ein avsluttar turen på gården. Kvar familie kan velge om dei returnerer til bilen etter utvask eller ynskjer å bruke litt ekstra tid på søndagen i området.
Mat
Turleiarane handlar inn mat til lunsj og middag lørdag, samt brød, smør, juice og saft. Gje beskjed dersom du har allergiar eller intoleransar slik at me kan tilpassa rettane. All anna mat, drikke, snacks tar kvar enkelt familie med etter eige ynskje. Det er ynskjeleg at kvar familie tar med 2 favorittpålegg til brødmåltida.
?Pris
Turen er gratis for alle.
Nokre reglar
Alkohol er ikkje tillatt på arrangement for familiar.
Foreldre er sjølv ansvarlege for eigne born.
Utstyr
Turleiarar
Vaida Gelumbickaite og Anna Sveinungsdotter Bergo