Bli med på ein flott fellestur til den nyoppussa turistforeningshytta MelandsGrønahei i vakker Hjelmelandsnatur.
Start frå parkeringsplass Kleivaland kl 10.00 laurdag 29. august.
Turen opp på laurdagen går via Svodene på sørsida av Austmannshovudet: Først ca 4 km på grusveg, deretter ca 5 km på sti i ulendt terreng til med møter turistforeningsruta ved Raudkleiv. Deretter på betre sti siste ca 3 km inn til hytta. Høgdestigning frå p-plass: ca 80 moh til 850 moh.
Vel framme på hytta blir det eit forfriskande bad for dei som vil det, eller berre kos i hytteveggen for dei som vil det. Felles middag kokkar me i lag.
Retur ned på søndagen starter ca 3 km i same sporet som me kom opp, til Raudkleiv. Derfra fortset me i turistforeningsløypa via Stropatølvatnet og Bjødnabu. Nede ved Lølimyra tar me av frå turistforeningsløypa, for ein avstikkar opp mot den flotte gapahuken med utsiktspunkt utover Ritlandskrateret. Deretter på enkel skogsveg/sti ned til p-plass Kleivaland igjen. Lengd retur ca 11 km.
Ta med gode sko og klær/utstyr etter værforholda. Ta med dagsturmat til deg sjølv + drikke og knask. Laurdagsmiddagen lagar me på fellesen med basis frå proviantlageret (og kanskje litt medbrakte ingredienser for å kvesse den opp litt med)
Nokre dagar før turstart kaller me alle påmeldte inn til eit Teams-møte ! Då planlegg me meir i detalj ift værmelding, rute/terreng, utstyr, risiko oa.
Velkommen på tur i lag med oss i Hjelmeland turlag.