Fiskekonkurransen foregår frå land- frå Parken på Hamre (v/Hamre Kyrkje) til Øyjordet forbi Klokkarneset.
Frå klokka 14.30 startar påmeldinga på Klokkarneset, men er elles løpande. Klokka 15.00 startar konkurransen- skitt fiske!🐟
Det vert premiering for tyngste og lengste fisk- samt trekking av tilfeldige påmeldte.
Heile arrangementet er gratis, og det vert tilbudt vaflar/lappar, saft og kaffi i og rundt det flotte naustet. For dei som ikkje ønsker å fiske er det mogleg å stikke innom for ei sosial stund med noko varmt i koppen og noko å bite i. Det vert òg anledning til å prøve ut frisbeegolf... Kom - kom! 🙂
(Vert været vått og kaldt kan det hende me endrar tidspunkt for konkurranseslutt...)