Skitur frå Goddalen til Rosendal med overnatting i Fonnabu. Våren er den beste tida for skiturar på Folgefonna. Denne helga går vi frå Goddalen om Hundsøyra og vidare over fonna til Fonnabu for overnatting. Søndag sørover Folgefonna og ned via Volarusta til Ringerike og Muradalen, Rosendal.
Frammøte i Rosendal v. bussterminal kl. 09.00. Det vert felles transport frå Rosendal med buss til startpunkt for turen. Avhengig av snøforholda legg vi ruta frå Goddalen og går via Markjelke og Hardingeskaret til Hundsøyra. Derifrå over fonna mot sør og til Fonnabu, kor vi overnatter.
Søndag morgon felles frukost og klargjering av hytta. Felles avgang kl. 0800. Over fonna mot sør og via Namnlausvatnet mot Volarusta. Frå Volarusta ned til Prestavatnet og til fots det siste stykket ned mot Muradalen via Ringerike.
Det er to lange dagsetappar på ski, deltakarane skal ha erfaring med turar med fjellski og sekk og dei må ha gode skiferdigheter.
Dette er ein vintertur og deltakarane må vera rusta for kaldt ver og gnistrande skiføre over fonna. Etter kvart som vi kjem ned i skogsterrenget møter vi våren og grøne bakkar. Ei helg fylt med kontrastar frå vinter og snø til våren i Rosendal. Felles transport tilbake til Rosendal, kor bilane er parkert.
Pris: kr. 900,- for medlemmer, kr. 1.400,- for andre. Dette inkluderer felles transport, overnatting i Fonnabu og felles måltid på hytta. Deltakarane tar med seg mat til niste for begge dagane.
Ta gjerne kontakt med ein av turleiarane for meir informasjon eller spørsmål.
Turleiarar: