Go Norsk Friluftsliv to main content
15. Aug 2026

Fottur til Breidablik i Kvammafjella

Mer informasjon
Fottur til Breidablik i Kvammafjella
IconSted
Kvam
Icon Tid
Icon Arrangør
Kvinnherad Turlag
Icon Kontaktperson

Felles fottur med overnatting til Breidablik – Kvammafjellet

Bli med på ei kjekk og sosial helgetur til Breidablikk i Kvamafjellet! 

Startpunkt for turen er i Fitjardalen i Øystese kl. 10:30. Turen er 6 km og går på god sti med jamn stigning opp til hytta.

Breidablik i Kvammafjella  ligg 1160 moh. i ope fjellandskap. Hyttetunet ligg høgt over Fitjadalen og er eit av landets mest eigenarta hytteanlegg med fantastisk beliggenheit med eit stort rundskue. 

For dei som reiser frå Kvinnherad møtest vi på kaien i Rosendal med avreise kl. 07:45, der vi organiserer felles køyring i eigne bilar via Jondal til Fitjardalen. Reisekostnader dekker kvar enkelt sjølv ved å betale til sjåføren.

Frå Fitjardalen går vi i samla opp til Breidablikk gjennom variert og flott fjell terreng. Ta med niste og drikke til lørdag og søndag.

Vel framme på hytta lagar vi saman ein triveleg kveld med god stemning og felles middag.

Søndag morgon startar vi dagen med å lagar felles frukost, før vi ryddar og tar utvask av hytta. Heimturen går i same trasé som vi kom opp.

Pris:

900 kr for DNT-medlemmer

1 500 kr for ikkje-medlemmer

Prisen inkluderer turleiing, middag, frukost og overnatting på Breidablik. 

Dette er den perfekte turen for deg som ønskjer ei roleg og sosial helgeoppleving i vakker natur – enten du kjem åleine eller saman med nokon.

For spørsmål om turen, ta kontakt med ein av turleiarane:

Tove Omdal, tlf. 90944865

Anne Kristin S. Griggs, tlf. 46879571

https://ut.no/hytte/10457/breidablik-turisthytte-kvam


Icon Oppmøtested