Spektakulær og krevjande tur til toppen av Lodalskåpa (2083 m).
Start frå idylliske Bødalssetra i Lodalen og deretter flatt innover dalen, men etter kvart brattare parti og mot slutten litt klyving. Frå ca. 1600 m høgde går vi i taulag ved kryssing av breane. Frå toppen av Lodalskåpa er det flott utsikt over Jostedalsbreen, og på klåre dagar kan ein også sjå Hurrungane.
Total distanse ca. 21 km tur/retur.
Vi må rekne med å bruke ca 12 timar på turen, så ta med rikeleg med mat og drikke.
Turen krev god fysisk form.
Det kan bli kaldt så varme kle, hue, votter og gamasjer må man ha med seg (klede for ein vinterdag). Krav om gode, høge fjellsko (stegjerna må sitte). Turlaget held nødvendig breutstyr som tau, sele, stegjern og isøks. Ha litt ekstra plass i sekken til dette. Har du eige utstyr kan du gjerne skrive dette i kommentarfeltet.
Pris: 200,- medlem, 600,- ikkje-medlem
Oppmøtestad er parkeringsplassen ved Bødalsetra kl 09.00.
Samkøyring frå Festplassen i Førde 07.00. Skriv kvar du møter i kommentarfeltet.
Påmelding og betaling i skjema. Ein får ei automatisk bekrefting på e-post når påmeldinga er lagt inn.
Praktisk informasjon (gjeld alle turar)
#helgetur