Go Norsk Friluftsliv to main content
23. Aug 2026

Fottur til Oldeskaret og Blåfjellet 1316moh

Mer informasjon
Fottur til Oldeskaret og Blåfjellet 1316moh
IconSted
Sunnfjord
Icon Tid
Kl. 10.00 - 16.00
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Icon Kontaktperson

Denne flotte turen startar frå Høyset i Stardalen kl 10. Vi går opp til Haugastølen 650moh, før turen går vidare oppover til Storevatnet 1049moh. Der kan det bli høve til å bade (på tilbaketuren) viss vêret tillet det. 

I Oldeskaret 1100 moh er det ein fin varde å ta pause ved. I år går vi ikkje ned til Briksdalen, men vi fortsett over elva til steinhytta Jarbu. Her kan dei som ynskjer det sette inn ryggsekken, før vi tar fatt på stigninga opp til dagens turmål: Blåfjellet 1316 moh. Herifrå har ein flott utsikt innover Jostedalsbreen og brefalla rundt og ned mot Oldedalen!

Du kan sjå turskildring for sjølve Oldeskaret og studere kartet her: https://ut.no/rutebeskrivelse/13394265

Ta med deg; godt med mat og drikke, gode sko, ekstra klede og sitjeunderlag.

Turen tek om lag 6 timar med pausar.

Samkøyring frå Førde 08.45, utgifter delast direkte til sjåfør. Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. 

#helgetur

Icon Oppmøtested