Fottur til Søgnesandsnipa via Lundeskaret
Bli med oss på ein spektakulær fjelltur i Sunnfjord-landskapet! Vi går frå Lundebotn opp Lundeskaret og vidare til Søgnesandsnipa, 1548 moh. Dette er ein krevjande dagstur med høg stigning, men belønninga er stor - ein har storslagen utsikt!
Ruta tur/retur er godt skildra på UT.no:👉 https://ut.no/turforslag/1113182/lundeskaret-og-tuva.
Oppmøte: Samkøyring frå Festplassen i Førde kl 08.30. Eller du kan møte rett ved parkeringa ved Lundebotn kl.09.30 (rett før tunnelen).
Lengde: Ca. 16 km t/r.
Tid: Set av heile dagen (8 -10 timar).
Nivå: Krevjande.
Vi går turen kun ved godt vêr.
Hugs å ta med: Gode fjellsko og klede etter vêrforholda, sitteunderlag, rikeleg med mat og drikk, ekstra klede til pausar og eventuelt vêrskifte. Pakkeliste for dagsturen - DNT
Påmeldingsfrist: Ønskjer påmelding, meld deg på via påmeldingsknappen. Oppgi kor du ønskjer å møte.
Turleiarar: Lise Mari Haugen og Merete Helgheim (tlf 99 45 79 50).