Bli med Vaksdal Turlag på ein storslått dagstur frå Øye til Vaksdal, og nyt den flotte utsikten mot hav og bre!
Drøymer du om ein spektakulær langtur i eit ikkje alt for krevjande terreng? No har du høve til å bli med Vaksdal Turlag på ein storslått tur frå Bergsdalen til Vaksdal. Vi startar på Øye i Bergsdalen og endar på togstasjonene på Vaksdal. På vegen vil du vandre i vakkert høgfjellsterreng med utsyn både til Folgefonna i aust og Nordsjøen i vest.
Oppmøtestad og tid: Frå Bergen kan du ta tog kl 08.30 som er framme på Dale kl 09.10. Det er oppmøte på Dale stasjon kl 9.15. Om du kjem frå Voss er toget på Dale kl 08.01. Bussen til Øye går frå Dale stasjon kl 9.20 (med forbehold om endring i tog- og busstidene).
Turskildring: Frå Øye startar turen i relativt bratt stigning opp til Revanukjen som ligg på kring 750 moh. Dette er den tyngste delen av heile turen, her i frå er det lettare terreng opp til Møyadalsnubben og Storafjellet som er det høgste punktet på 950 moh. Her kan ein nyte eit fantastisk skue dersom vêret tillet det! Etter vi har passert Storafjellet passar det med ein god rast før vi vandrar over Gløvre og Gløvreegga. Terrenget her er lett å vandre i, og ein kan miste pusten av det vakre skuet mot Folgefonna på eine sida, og Nordsjøen på den andre. Frå Gløvreegga kjem ein ned til Dyrdalsskaret og inn på merka sti vidare forbi Tjødnhaugen og ned til Vaksdal. Alternativ rute frå Dyrdalsskaret er å gå over Grånipa og Jamnesåta, der me har fjordutsikt heile vegen ned til Vaksdal. Me ser an vær, framdrift og motivasjon i gruppa undervegs. Den siste halvannan kilometeren ned til stasjonen går på veg. Sjølv om turen ikkje går i det mest krevjande terrenget, er det ein lang tur, og berre delar av han er på merka sti. Det er ingen spesielt luftige parti eller krevjande klatring på turen. Totalt er han på omlag 18 kilometer, og 600 høgdemeter stigning. Siste del av turen, frå Gløvre til Vaksdal stasjon har ein total nedstigning på 900 høgdemeter. Ein må rekne omlag 8 timar på turen.


Tryggleik: Turane til Vaksdal Turlag blir risikovurdert av turleiarane. Til tross for gjennomført risikovurdering og risikoreduserande tiltak, fins det alltid ein restrisiko ved å ferdast i norsk natur.
Kart: Kart og turutstyr kan kjøpast hos Tursenteret i Marken. Rabatterte prisar for medlemmer.
Generelle vilkår ved påmelding: Les gjeldande vilkår her; Vilkår for deltaking på turer i regi av DNT. Den Norske Turistforening (dnt.no). Ta kontakt med Maren Thorkildsen på mobil ved spørsmål eller avmelding: 92049856
Turleiarar:
Nina T. Simonsen
Maren Thorkildsen