Bli med på ein spektakulær tur langs Jøsenfjorden og vidare til fjells, der naturopplevingar ventar rundt kvar sving. Me vandrar langs fjellkanten med fantastisk utsikt ned i den majestetiske Jøsenfjorden og det dramatiske Førrejuvet. På vår veg siktar me mot dei ikoniske punkta Orrabenken og Kvitserkbenken, der utsikta er upåklageleg. Dette er ein tur som kombinerer naturskjønnheit med utfordrande terreng, gjer deg klar for ei uforgløymeleg oppleving i hjartet av naturen!
Kjenner du deg ekstra oppesen, kan du varme opp med telttur inn Jøsenfjorden frå torsdagen.
Fredag:
Avreise frå Stavanger 1500, eventuelt oppmøte ved Blåsjøvegen, det avtalar me på planleggingsmøtet. Me køyrer til Førrevassdammen og overnattar i telt/ bilar, leirplassen blir ikkje langt frå vegen. Du velger sjølv korleis du vil innrette deg for natta, kanskje er open himmel eit godt val?
Laurdag:
Frukost i det fri. Me lar sengene stå igjen og pakkar dagstursekker. Me blir henta med buss som tek oss ned til Hauga, der turen startar i 0800 tida. Turen byrgjar i vakre Hauga i Vadla, ved Jøsenfjorden. Me går til Segada langs gamlestien og vdare opp lia til Skuteheia. Har me tid kikkar innom Sanibbene rett innafor Segadal. Vel oppe i Skutaheia, har me perler på snor, framfor oss: Skogsjuvet, juvet ned mot Urdaneset, Skuteheia, Nystølgjuvet med nøddastrekkjet ned mot Førrebotn, Nystøl, nok eit nøddastrekkje ned mot Orrabenken, Gjeitajuvet og hytta under berget øvst i Grasdalen. Deretter går me Kvitserkbenken inn mot Førrevassdammen. Vel framme kroar me oss i legene våre, til neste dag. Rekn med godt 25 km og 12 timar gåtid.
Søndag:
Ny frisk morgon og me gjer oss klar for ein litt kortare tur. Telt og senger pakkast ned før tur- retur «labyrinten», som ligg langs Førrejuvet, på Blåfjellsida. Me er ute i 5-6 timar og går omlag 8 km. Retur til Førrevassdammen ca kl 15. Deretter heimreis.
Godt ver. Turen gir lita glede i ruskever og kan verta avlyst eller flytta, på kort varsel.
Planleggingsmøte:
Tirsdag 5. august på Teams
Turledere:
Olav Martin Bråtveit (41638545), Åse Sellereite (90913753)
Prisen dekker:
Administrasjon og turleiing, busstransport til Hauga laurdag. Ingen måltid inkludert, deltakaren må ha med nok mat til heile helga. Kostnad for privatkjøring er kr 3,5/km pluss eventuelle ferjer og bomavgift som deles på alle inkludert sjåføren.
Vanskelighetsgrad og krav til deltaker:
Svært krevande. Der er bratte parti og ulendt terreng. Klyving kan vere nødvendig. Overnatting i telt eller bil. Dei som melder seg på må kunna visa til tidlegare 12 timars dagstur på om lag 25 km og 1900 høgdemeter.. Det er mulig å leige friluftsutstyr på Frilager.no for en rimeleg penge. Det er mulig å leige friluftsutstyr på Frilager.no for en rimeleg penge.
Pakkeliste:
Liggeunderlag og sovepose, telt eller tarp om du vil ha tak over hovudet, kokeutstyr, koppar og kar for overnatting ute. Ingen måltid inkludert, deltakaren må ha med nok mat til heile helga.. Inspirasjon.
Vilkår for deltakelse på fellesturer:
Når du melder deg på denne turen bekrefter du at du har lest og aksepterer vilkårene som er beskrevet i våre generelle vilkår.
Utstyr og kart:
Trenger du utstyr eller kart til turen, anbefaler vi deg å stikke innom vårt tursenter.
Medlemskap i DNT
Vi oppfordrer alle til å melde seg inn og støtte vårt arbeid med å få flere ut på tur.
UT.no
Mer generell informasjon finner du på hele Norges turplanlegger
Følg oss på Facebook
Stavanger Turistforening Fjellsportgruppa