Go Norsk Friluftsliv to main content
02. Sep 2025

Friluftsliv og psykisk helse med Une Cecilie Oksvoll

Mer informasjon
536081321 1205126568324624 2361525987901181673 n
Icon Tid
Kl. 17.30 - 19.00
Icon Arrangør
Hjartdal kommune & Hjartdal folkebibliotek
I anledning Friluftslivets år vil Hjartdal kommune, saman med folkebiblioteket, invitere til ein inspirasjonskveld med Une Cecilie Oksvoll om friluftsliv og psykisk helse! Arrangementet er utanfor folkebiblioteket, så ta med eigen campingstol. Ved nedbør flyttast arrangementet inn. Gratis inngang.

«Une Cecilie Oksvold er kjend frå Instagram-kontoen @unececilie. Etter å ha vore prega av angst og depresjon sidan barndommen, fann ho som 24-åring eit mentalt pusterom ute i naturen. Sidan den gong har ho vore ein aktiv friluftsfersking med ein bratt læringskurve.»

Ho står bak bøkene Friluftsfersking, Turdagboka og Fargerik turstrikk.

«Boka Friluftsfersking byr på Une Cecilies beste tips og triks som fersking på tur, med hovudvekt på lågterskel friluftsliv. For som ho seier: du treng ikkje gå lengst, vere tøffast eller ha det beste utstyret for å få dei største naturopplevingane! Her får du hjelp til alt frå kva utstyr du kan trenge, til mentale verktøykassar som støtte for å sove ute på tur åleine for første gong. I tillegg får vi eit ærleg innblikk i hennar reise, og korleis naturen har vore ein støttespelar i hennar liv."(ark.no)

Ved nedbør flyttast arrangementet inn.

Gratis inngang!

Icon Oppmøtested
Folkebiblioteket, parkering ved Saulandstunet.