Go Norsk Friluftsliv to main content
03. Dec 2025

Fullmånetur frå Neslia til Sjethaug

Mer informasjon
Fullmånetur frå Neslia til Sjethaug
IconSted
Kvinnherad
Icon Tid
Kl. 17.30 - 20.30
Icon Arrangør
Kvinnherad Turlag
Icon Kontaktperson

Vi går ein kveldstur til Sjethaug onsdag 3. desember 2025, og håpar å få ein diger måne med oss på turen. Det er fullmåne natt til 5.desember.
Frammøte er ved avkøyrsla til byggefeltet på oppsida av vegen i Neslia kl. 17.30.

Turen går på skogsveg/grusveg. Dersom det på den tida kjem snø/kulde, kan det vera glatte parti. Då er det lurt å ha med broddar/piggsko. 
Ta med hovudlykt/lommelykt og kle deg etter veret.

På Sjethaug serverer vi saft, bålkaffi og pepparkaker i hytta.
Påmelding på vanleg måte via nettsida her, eller SMS til ein av turleirane.

Alle er velkomne på tur, både dei som går tur med seniorgruppa til vanleg, og andre. Turen passar og for barn, ungdom, vaksne, i tillegg til eldre, her er det ingen som spør om alder. 😊

OBS: Ved fullført påmelding via nettsida får du stadfesta deltakinga di pr SMS. Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt. Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem med påmeldinga.

  • Frammøte:   Kl. 17.30 ved oppkøyrsla til øvre byggefelt i Neslia
  • Turkarakter: ENKEL
  • Turavgift:      Ingen 
  • Turleiarar:    Helga Fossheim (918 50 257) og Arnt Orholm (970 29 515)
  • Vandringa:
    • * Distanse:           6 km tur/retur 
    • * Høgdeskilnad:  265 meter
    • * Tidsbruk:           Ca. 3 timar, inkl. pausar
Icon Oppmøtested