Go Norsk Friluftsliv to main content
01. Mar 2026

Fullmånetur på truger til Grublebu, Høgås i Brunkeberg

Mer informasjon
Fullmånetur på truger til Grublebu, Høgås i Brunkeberg
IconSted
Brunkeberg
Icon Tid
Kl. 19.00 - 21.00
Icon Arrangør
Kviteseid Turlag
Icon Kontaktperson

Bli med på fullmånetur med truger til Grublebu.

Turen er ikkje lang, men det er litt stigning. På toppen er det fin utsikt! Turen er ca. 1,5 km ein veg, med ei stigning på ca. 140 m. Me går bort Kyrkjevegen og kryssar E134 før me tek på trugene. 

Det kan vera tungt å gå med truger om ein ikkje er van med det, men vi legg opp til ein roleg tur, og brukar god tid opp. Me fyrer i bålpanna på toppen. Ta med deg noko å grille om du ynskjer. Det er fine benkar å sitje på utanfor Grublebua til Sveinung og Marianne Opsund. Dersom nokon vert kalde er det mogleg å gå inn i bua og fyre opp i omnen der. 

Ein må ha eigne truger og hovudlykt, og kle seg etter vêret. Ta med sitjeunderlag og varm drikke om du ynskjer. 

Turleiar: Inger Lise Berge, tlf. 48 10 80 56  og Aud Eli Undheim, tlf. 40 21 5248

Oppmøte og parkering: Parkeringsplass ved Brunkeberg kyrkje kl. 19.00. 

Velkommen på tur! 

Vilkår for deltaking på fellesturar.
Når du melder deg på denne turen bekrefter du at du har lese og aksepterer vilkåra som er beskrive i våre generelle vilkår.

Icon Oppmøtested