Go Norsk Friluftsliv to main content
13. Jun 2026

Geitafjellet rundt med overnatting på eventyrlege Breidablik

Mer informasjon
Geitafjellet rundt med overnatting på eventyrlege Breidablik
IconSted
Icon Tid
Icon Arrangør
Vaksdal Turlag
Icon Kontaktperson

Drøymer du om ei sommarhelg i fjellet? Topptur med utsikt til fjord og bre, og sein middag med knitring frå peisen i ei lun hytte høgt til fjells? Då kan du vere med Vaksdal Turlag til eventyrlege Breidablik og topptur til Skrott 1300 meter over havet!


Oppmøtestad: Togstasjonen på Dale

Oppmøtetidspunkt: 10:05. (Tog frå Bergen kl 09:21)

Avreise: Kl 10:15. Me køyrer privatbilar til Hamlagrø. Gje beskjed ved påmelding om du kan køyre og kor mange du har plass til. 

Turskildring
Dag 1: Turen startar på Hamlagrøosen. Me går flatt innover til Lii før me tar fatt på ei lita oppstigning. Vidare går me i lett kupert terreng innover mot Solheimdalen. Me fylgjer stort sett T-merka sti, men vil også gå eit stykke på umerka sti. Når me har passert Solheimdalsvatnet begynner stigninga for alvor, då me tar fatt på dei berykta "Glyntabakkane". Her skal ein opp 250 høgdemeter fordelt på ca 1 km. Til gjengjeld ser ein hytta når ein er komme på toppen, og det er berre sjarmøretappen att før ein er framme. Dagens etappe er på ca 8,5 km og ca 500 høgdemeter, som nevnt tar me dei siste 250 høgdemetrane i eit jafs på siste del av turen. Me tar gode pausar undervegs. 

Etter innlosjering og ein liten matbit i hytta, blir det topptur til Skrott for dei som ynskjer. Er vêret fint kan me nyte ein fantastisk utsikt til fjord og bre. 

Dag 2: Etter frukost smører me niste før me tar utvask og startar på returen til Hamlagrø. Me følgjer t-merka sti ned gjennom Tulledalen til idylliske Søre Hamlagrø, og vidare langs Hamlagrøvatnet tilbake til Hamlagrøosen. Også i dag tar me oss tid til gode pausar undervegs. Turen går i lett kupert terreng og nedoverbakke. Denne ruta er på drøye 10 km. Me skal ned 500 høgdemeter fordelt på dei fem fyrste kilometrane. Dei fem siste kilometrane går på sti langs Hamlagrøvatnet. 

Mat: Det er proviantlager på hytta, så me lagar felles middag ut frå dette laurdag. Det er inkludert i prisen. Her er det også diverse pålegg og knekkebrød. Ynskjer du anna brødmat må du sjølv ta dette med deg. Ta med snacks og drikke etter eige ynskje.

Heimreise: Ein reknar med å vere tilbake på Hamlagrøosen til kl 16.


Sjølv om vêrmeldingane er gode, er det naudsynt med noko utstyr på turar i dette terrenget. Kle deg fornuftig med gode fjellsko. Pakk ein sekk med:

  • Regntøy (jakke og bukse)
  • Ekstra skift med ullundertøy
  • Sokkar med mykje ull og god passform
  • Fleecejakke/ullgenser
  • Lue
  • Ullvottar eller andre vottar som er varme sjølv når dei er våte
  • Litt toalettpapir i pose
  • Solbriller og solkrem
  • Liten kniv
  • Hodelykt
  • Fyrstikker/lighter
  • Matpakke og snacks for dagen og drikkeflaske (ev. termos til varmt drikke)
  • Sitteunderlag
  • Lakenpose eller sovepose til overnatting i hytta
  • Nødvendige toalettsaker

Krav til deltakarar: Du må kunne bere ein sekk på 10-12 kg og gå jevnt og trutt oppover og nedover med oppakning. Spar litt plass i sekken til felles mat. 

Mat: Ta med niste til turen inn på laurdag. Middag laurdag og frukost søndag er inkludert i prisen. Snacks og drikke til lørdag kveld må takast med av kvar enkelt deltakar. 

Overnatting: Vaksdal Turlag har booka senger på hytta. Desse er på fleirmannsrom og ein må vere budd på å dele rom med andre deltakarar.  

Pris inkluderer: Turleiing av DNT-godkjente sommarturleiarar, tryggleiksutstyr, felles middag, overnatting, frukost og lunsj frå proviantlageret på hytta.

Turleiing: Turen vert leia av turleiarar som har solid turerfaring og har gjennomført DNT sin turlederkurs stige. Turleiarar er ikkje profesjonelle i den forstand at turane vert utført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guide. Dei vert utført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen og av å ta med andre på sine opplevingar. 

Tryggleik: Turane til Vaksdal Turlag blir risikovurdert av turleiarane. Til tross for gjennomført risikovurdering og risikoreduserande tiltak, fins det alltid ein restrisiko ved å ferdast i norsk natur. 

Kart: Kart og turutstyr kan kjøpast hos Tursenteret  i Marken. Rabatterte prisar for medlemmer.  

Generelle vilkår ved påmelding: Les gjeldande vilkår her; Vilkår for deltaking på turer i regi av DNT. Den Norske Turistforening (dnt.no). Ver særskilt merksam på kva som gjeld i høve avmelding.

Meld deg inn som DNT medlem her: Bli medlem i DNT

Turleiarar: Nina Toskedal Simonsen og Maren Amanda Thorkildsen 


Turleiarane tar kontakt med alle påmeldte 4-7 dagar før turen.

Spørsmål? 

Ta kontakt med vaksdal.turlag@dnt.no eller på tlf. 97141631

Icon Oppmøtested