Bli med Årdal Turlag på graut-tur laurdag 21. juni!
Me startar frå Hjelle. Turen går til Avdalen, vidare på stien mot Stølsmaradalen. Ved Storebekken tek me av på gamle stølsvegen, følgjer denne eit stykke i retning Fuglenosi. Vidare går me ned att mot Frosketjørni og følgjer stien ned att til Avdalen og Hjelle. I Avdalen blir det servert rømmegraut med tilbehør.
Turleiarar er Arvid Karlsen og Inga Jane Vie Karlsen.
Frammøte på Hjelle kl. 08.00.
Turen tek 5-6 timar, og er rekna som ein tung tur. Du må ha fjellsko.
Vil du vera med oss på turen so ringer du til Inga Jane, tlf. 91685926 innan torsdag 19. juni kl. 20.00.