Go Norsk Friluftsliv to main content
06. Jun 2026

Gurskøya rundt med kajakk + overnatting på Toralfbuda

Mer informasjon
Gurskøya rundt med kajakk + overnatting på Toralfbuda
IconSted
Icon Tid
Icon Arrangør
DNT Sunnmøre
Icon Kontaktperson

Velkommen til å delta på en 2 dagers padletur rundt Gurskøya.


For å delta på denne turen må du ha minimum grunnkurs havkajakk. 

Turlengde på om lag 60 km., det betyr at du må ha padla litt for å vere med på denne turen.

Det vert om lag 5 – 6 tima med padling begge dagane + pause.


Du må sjølv stille med kajakk og padleutstyr. ( Kajakk, drakt, vest, åre, taueline og spruttrekk). Mat, drikke, utstyr og ekstra klede må også vere med. Middag på laurdagen er inkludert og vert raud bacalao med kvitløks brød eller focaccia. Til overnatting treng du å ha med: Lakenpose, sovepose eller sengeklede.

  

Oppmøte 6. juni kl. 10.00 og klar å padle kl. 10.30 ved Sanco Shipping i Gjerdsvika (Moljevegen 32). 

Turbeskrivelse: Vi bestemmer kva veg vi tek rundt øya etter dagens vêrmelding og forhold.

Turbeskrivelsen går frå Gjerdsvika og sørover mot Rovdefjorden. Uansett så vert det overnatting på DNT hytta Toralfbuda i Eiksund, som ligger om lag halvvegs på turen rundt øya. Toralfbuda har innlagt vatn og straum, så her er alt vi treng for ei god natt. Firkantane på kartet viser alternative plassar for pause på turen rundt øya.

 

Dag 1

Frå Gjerdsvika går turen i eit forholdsvis eksponert område til Nupeholmane ved Hallebygda. Dette er eit stekk på om lag 6 km. Turen vidare går langs med land innover Rovdefjorden med stopp og overnatting ved Toralfbuda i Eiksund. Det vert lagt opp til eit par stopp mellom Gjerdsvika og Toralfbuda. Lengda på dagens etappe er om lag 30 km.

Om overskot på energi, så kan ein kveldstur i kajakken absolutt anbefalast i området ved Toralfbuda.

Felles middag og padleprat utover kvelden.

 

Dag 2

Etter ein god frukost går vi i kajakkane i 10 tida og fortsette turen rundt Gurskøya. Denne dagen startar med padling i flott område med mykje holmar og skjær. Når ein kjem på nordsida av øya, vert det igjen meir ope og eksponert. Dei siste km. rundt Hidsneset er storhavet rett på.

Legger opp til eit par stopp, før vi kjem  tilbake til Gjerdsvika om lag kl. 17.00

Lengda på dagens etappe er om lag 30 km.


Om været skulle verte slik at turen ikkje kan gjennomførast etter plan, så legger vi padlinga til område rundt Eiksund og overnatta på Toralfbuda uansett.





Vilkår for deltakelse på fellesturer
Når du melder deg på denne turen bekrefter du at du har lest og aksepterer vilkårene som er beskrevet i våre generelle vilkår.



Medlemmer i DNT støtter sin lokale forening i drift av hytter, ruter og aktiviteter for de aller fleste. Melder du deg inn, får du rabatt ved overnatting på alle DNT-hytter i Norge, på aktiviteter og i tur- og nettbutikk. Du får også friluftsmagasinet Fjell og Vidde 5 ganger i året og en rekke andre medlemsfordeler. Her kan du lese mer om medlemskap og melde deg inn.

"Turkatalog2024"

Icon Oppmøtested