Go Norsk Friluftsliv to main content
18. jan. 2025

Heile Øygarden båler og Kom deg ut dagen Øygarden

Mer informasjon
13 1
Icon Tid
Kl. 12.00 - 15.00
Icon Arrangør
Øygarden kommune
I heile 2025 skal vi markera Friluftslivets år. Målet med Friluftslivets år er å inspirera fleire til å bruka turområde og bli kjent med varige friluftslivsaktivitetar der du bur, samtidig som vi tek omsyn til naturen.

Opningsarrangementet "Heile Øygarden båler" på Sotraplassen er del av ei rekkje arrangement over heile landet. Her kan du oppdage kva som skal skje i løpet av året og kven som jobbar for å fremje friluftsliv i Øygarden. 

Bli med rundt bålet med noko varmt å drikke, grill over open bål, lær deg bålreglar, delta i rebusløp og konkurranser og oppdag moglegheitane i den flotte naturen rundt oss.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Sotra Øygarden turlag, Kolltveit Blåkors speidarar, Sartor Storsenter, BUA Øygarden, Øygarden frivilligsentral og Øygarden kommune. 

Det er gratis, open for alle og krever ingen påmelding.

Icon Oppmøtested
Arrangementet foregår på Sotraplassen ved Konglo foran Sartor senter. Dersom det er storm eller mykje nedbør, flytter vi inn i gågaten på senteret.