Hornindal frivilligsentral og Hornindal IL ski inviterer til bålkos ved grillhytta på Hornindal skisenter denne dagen, kl. 12 til ca kl. 15. Det blir lagt opp til ulike aktivitetar som aking, skileik og natursti, og vi lagar pinnebrød.
Vi spanderer pølser, pinnebrød og varm saft så langt det rekker.Arrangementet er gratis og ope for alle utan påmelding. Føresette har til ei kvar tid ansvaret for eigne barn.
Arrangementet kan bli avlyst på kort varsel ved dårlege vêrfohold med sterk vind og regn.Dette treng du for å delta:
- Kle deg etter veret. Opplevinga blir betre for både liten og stor om man er varm og tørr.
- Sitte- eller liggeunderlag, evt eit pledd.
- Eigen drikkekopp. Vi ønskjer å spare miljøet ved å kutte ned på papp og plast.
- Evt ski, akebrett eller akematte.
- Alternativt mat og drikke om du ønskjer noko anna enn pølser og saft.