Dette er ein fin randotur i fjella mellom Stryn og Hornindal.
Vi starter på Stryn Skisenter der vi har 1000 høgdemeter framfor oss. Men om heisen går kan vi eventuelt ta den eit stykke på veg. Turen går opp Steindalen og vidare til Hestefjjellsnibba på 1303 moh. So blir det ca 200 høgdemeter ned før vi går opp att på Karifjellet på 1320 moh. På det stykket går vi omtrent på fylkesgrensa mellom Vestland og Møre og Romsdal. Tilbaketuren kan bli ei fin nedkøyring til Holevatnet og vidare tilbake til Stryn Skisenter.
Ein kan forvente at turen kan ta 5-7 timar om vi går heile vegen. Og det må vi nok.
Alle må ha skredutstyr og ein kan og ta med skarejarn om ein har.
Oppmøte ved Strynehallen kl 10.30.
Det er påmelding via linken på heimesida. Ein får ei bekrefting på e-post når ein er påmeldt.
Turen er gratis for medlem i DNT/INT og koster kr 200 for ikkje medlemar. Ikkje betal før turen starter. Vipps 108817.