Det har gått folk på ski mellom Hardanger og Voss i lange tider. Likevel har dei færraste av oss fått oppleve dei utrulege omgjevnadane og variasjonane denne traseen har å by på.
Her får du nydeleg utsikt, tronge dalar, seige motbakkar, store vatn, kjekke og utfordrande utforkøyringar. Du skal ikkje sjå bort i frå at me får silkeføre og skare på ein og same tur. Forholda varierer ofte like mykje som naturen. Kjensla av å gå i sjølvtrakka skispor, kjensla av å meistre omgivnadane og terrenget. Sol i ryggen og vind i håret. Kjensla av å vere «åleine i verda». Kjenne på at snøen piskar og at du får raude roser i kinna. Den kjensla, saman med andre.
Har du drøymt om å gå på ski frå Hardanger til Voss? Det får du anledning til her!
Turbeskrivelse:
Lørdag: planlagt trasé, som kan bli endra:
Skituren startar ved Tokagjelet ca kl. 10:15. Starten i skiløypa går lett, men ved Byrkjesete kjem me oss endeleg inn i terrenget. Me går bratt på traktorveg før me etter kvart snik oss over tregrensa og går mot Mykavatnet. Ved Fugladalsvika er med ferdige med lange kryssingar av vatn for denne gong, og me jobbar oss oppover frå Fugladalsvika. I Fugladalen er terrenget kupert, litt seigt opp men kjekt ned, før me når Fossavatnet. Frå Fossavatnet og i retning mot Fugladalsvatnet må me nok rekne med litt knall og fall, men då kan me gle oss til eit slakare kruseterreng og at me nærmar oss Vending med stormskritt. Me avsluttar med litt lett motbakke slik at me er gode og varme når me når hytta i kveldinga. På Vendig nyt me heimelaga middag før me kryp tilfredse til sengs.
Søndag: planlagt trasé, som kan bli endra:
Me har ein lang dag og tur framfor oss så me startar tidleg frå Vending søndag morgon. Dagen startar med god fart ned mot Hamlagrøvatnet. Me håpar å finne oss ein kjekk og småkupert trasé mot Hodnaberg, alternativt går me på Hamlagrøvatnet. Frå Hodnaberg stig det godt mot Kvålsdalen og Kvåldalstjørnane før me får ei fin kryssing av Torfinnsvatnet. Frå Torfinnsvatnet får me igjen ei god kneik opp mot Gråsida. Me føl vinterløypa og og tek turen innom Gråsidetoppen på over 1300hm før nedkøyringa startar. På Gråsida er det ofte vêrhardt og traseeen byr sjeldan på godt skiføre, men me kan gle oss til bedre snø når me kjem ned i skogen. Me må nok igjen forvente litt knall og fall i den tette skogen, men me reiser oss fort og på taktorvegen mot Gjelle er det berre velstand. På eit eller anna tidspunkt må me nok ta skia på sekken og me går siste biten mot Voss på beina.
Ved krevande vér eller føre har me alternative og kortare ruter til Vending lørdag. I så tilfelle vert reiseplanane endra.
Gradering: ekstra krevande
Gradering på turer og aktiviteter med DNT - DNT
Fysisk vanskelighet: Lørdag går me ca. 20km og 1000 høgdemeter. Me kosar oss på tur i 7-9 timar denne dagen. Me må forvente at det blir mørkt før me når Vending.
Søndag har me framfor oss ca. 30 km på ski og 5 km på beina. Det er totalt ca 1000 høgdemeter opp og 1600 høgdemeter ned, dei fleste er forhåpentlegvis på ski. Me er nok på tur i 10-12 timar før me når Voss, kanskje i mørket.
Antal kilometer og høgdemeter kan endre seg ved endring i trasevalg den aktuelle helga. Me held eit jevnt tempo og legg opp til jevnlege men korte pausar. Det vert sannsynlegvis ingen lang og ordinær lunsjpause.
Teknisk vanskelighet: Kast 1 og 2. Me unngår i stor grad alle løsneområde, men går i fleire utløpsområde.
Les meir om Varsom sin KAST - Klassifisering av snøskredterreng
Kompetansekrav til deltakarar: Gode fjellskieigenskapar på varierande og utfordrande føre, erfaring frå lengre turar på fjellski i tilsvarande terreng og med stor sekk på 10-15kg. Kjennskap til bruk av sendar/mottakar, spade og søkestang i tillegg til kameratredningskunnskap.
Utstyr: Fjellski med stålkantar (ikkje langrennski eller toppturski!) Alle må ha langfeller og gjerne kortfeller i tillegg, evt. skismurning som alternativ til kortfeller. Ta med alpinbriller og hovudlykt. Det må vere mogeleg å feste skia på sekken, og ta gjerne med ei skistroppe. Sendar/mottakar, spade og søkestang. Dersom du ikkje har skredutstyr er det mogeleg å låne det av turlaget. Sjå DNT si pakkeliste vintertur
Kart: Norgeskart Voss 10038 eller Voss-Bergsdalen 3007
Kart og turutstyr kan kjøpes i Tursenteret i Marken. Rabatt til DNT-medlemmer. Bli DNT-medlem her.
Mat: Felles middag lørdag kveld. Turleiarane kjøper inn middag/ekstra ingrediensar uover det som er på hytta til middag lørdag. Turdeltakarane må vere med å bere dette og ha plass i sekken. Nistepakke og snacks til lørdag må deltakarane ha med sjølve. Tilsvarande gjeld for søndag, men ein kan nytte seg av matlageret på Vending om ein ynskjer det. Ingredienser til frukost og matpakke søndag er inkludert i prisen, om ein ynskjer noko anna enn det som er på matlageret så må ein ta med og dekke dette sjølv (f.eks er det ikkje brødmat på hytta). Snacks til søndag må ein anten ta med sjølv eller kjøpe på hytta (f.eks kjeks). NB! Ta med nok mat, dette er ein lang tur som krev mykje energi!
Gi beskjed om eventuelle allergiar ved påmelding
Overnatting: Vending Turisthytte. Me søv i flersengsrom. Ta med lakenpose/ silkesengetøy.
Reisedetaljer og transport:
Avreise: Oppmøte Bergen Busstasjon, perrong O, kl. 08:45 bussen (buss 930 mot Odda) går kl. 08.55 frå Bergen Busstasjon.
Heimreise: Søndag kveld med buss eller tog frå Voss stasjon, seinast ca kl 20.
Me tek forbehold om endringar i rutetider eller reisedetaljar.
Pris inkluderer: Turleiing, overnatting i hytte, felles middag lørdag, uttak frå proviantlager til frukost og matpakke.
Ikkje inkludert: Deltakar dekkar øvrig mat (eks. tar med eige brød og snacks), og betaler sjølv for reise (buss frå Bergen til Tokagjelet og tog frå Voss til Bergen).
Rabatt til DNT-medlemmer: Bli medlem få lavere deltakerpris og støtt vårt arbeid - Meld deg inn her.
AVMELDING: Avmelding skal gjøres skriftlig på e-post til aktivitet-bht@dnt.no
Vilkår ved deltakelse på våre turer: Les våre generelle vilkår
Turleiing: Turen vert leia av turleiarar som har solid turerfaring og har gjennomført DNT turleiarkurs. Turleiarane i DNT mottek ikkje lønn for turer dei leier, men gjennomfører sine oppdrag som frivillige. Turavgifta dekkar turleiar sine kostnader ved oppdraget som transport, mat og overnatting, i tillegg til viktig kompetanseheving som skredkurs, turleiarkurs og fyrstehjelpskurs. Turane er utført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen og av å ta med andre på sine opplevingar.
Sikkerhet: Me har risikovurdert alle våre turar og aktivitetar og jobbar kontinuerleg med å redusere risikoen for alvorlege skadar og ulykker på våre turar. Likevel vil det alltid være ein risiko for skade ved å ferdast i vår natur. Deltakarane må lese all informasjon nøye: turbeskriving, viktig informasjon til deltakere og generelle vilkår, og vurdere tur etter evne.
Turleiarane tek kontakt med alle deltakarane seinast 4-7 dagar før turstart
Turleiarar: Bjørg-Marit Valland og Peter Joachim Gogstad