Go Norsk Friluftsliv to main content
28. juni 2025

I fotspora til Jakob Hammer frå 1924 over Jostedalsbreen

Mer informasjon
I fotspora til Jakob Hammer frå 1924 over Jostedalsbreen
IconSted
Icon Tid
Kl. 07.00 - 19.00
Icon Arrangør
Luster Turlag
Icon Kontaktperson


Vil du være med på brevandinga, som var ein del av villmannsreisa til Jakob Hammer halve Nordfjorden i færing, over jostedalsbreen og gange ned Jostadalen ein desemberdag i 1924? Via telefonsentralen som kom til Hopland 1896, mottak familien på Hammer ei nødmelding frå Harastølen. Med sin bakgrunn som sersjant, var Jakob ein handlekraftig mann og bestemte straks å ta raskaste vegen på den tida. Å rekke fram til sanatoriet på Harastølen for å ta farvel med kona og mor til deira fem barn..  Ho låg for døden med tuberkulose. Oddgeir Bruaset har skrive om turen til Jakob. 

Korleis dei 5 små heime opplevde hendinga og korleis turen gjekk, får de vite i pausane under turen.

Turen starter på Bødalsætra, vidare opp brattebakken før vi kjem opp på brekanten etter ca 5 timer, ca 8 km vandring. Derfrå vert det gjort vurderingar av breførarane på å gå i taulag vidare over "norges tak", Jostedalsbreen og vidare gjennom «jostedalsrypa» sitt rike. Vi vandrar i den mest urnorske delen av Norge. Etter vel 12-13 timar 15 km vandring over breen går vi ned mot Bjønnstegane der bussen ventar for avgang til Bødalen igjen. 

Turleiar

Turleiar: Roger Hopland (90077351)

Breførarar: Gaute Dvergsdal Bøyum 

 Gradering

Turen er ekstra krevjande med oppstigning og lengd. Vi tilrår at dersom du f eks har gått på Skåla eller liknande, ei tid før og kjenner deg sliten men ok, så bør du kunne klare dette greit.

Logistikk

Oppmøte kl. 7.00 på parkeringsplassen ved Bødalsætra

Samkøyring er miljøvennleg og viktig for DNT. Felles kjente fyller opp bilar på cruisekaia i Olden og kjøyrer til Bødalen derfrå. Grunnen til dette er at stor buss køyrer frå Jostedalen til til Cruisekaia i Olden. Derifra blir sjåførar frakt til Bødalsætra for å hente bilar.

Værforhold og høgde

Dersom værforholda ikkje er på den gode sida laurdag 28. juni, vurderer vi å ta turen på søndag 29. juni 2025. Følg med på meldingane her og på facebook.

Høgdesjuke er ikkje uvanleg. Et par turar på Skåla eller liknande med litt opphald der i juni  vil hjelpe. 

Utstyr

Dei som har private selar til bruk for taulag på breen kan ta med desse. Vi må dele på å bære tau og evt felles utstyr. Turleiaren er oppteken av godt humør, sikkerheit og god flyt over breen med så mykje folk. Derfor er det viktig at de tek med dykk god utstyr. Eksempelvis er det smart å ta med stavar. Liste for dette kan de laste ned her:

https://demo.digitalrevisor.eu/s/By5nXGPLp3iPZgj

Husk sporlaus ferdsel med DNT og god tur.

Icon Oppmøtested