Go Norsk Friluftsliv to main content
08. aug. 2025

Jøsenfjorden inn: Indre Eiane - Vadla

Mer informasjon
Jøsenfjorden inn: Indre Eiane - Vadla
IconSted
Hjelmeland
Icon Tid
Kl. 10.00 - 16.00
Icon Arrangør
Hjelmeland turlag
Icon Kontaktperson
Svanhild Hjorteland Gbada
97007636
hjelmeland.turlag@dnt.no

Turen startar kl 10.00 frå Indre Eiane v/ Jøsenfjorden.
Her slår me følgje med dei som allreie gjekk etappen Nesvik-Indre Eiane dagen før, og som har overnatta i telt her.
Turleiar for todagars-følgjet er Åse Sellereite, i samarbeid med Svanhild Hjorteland Gbada i Hjelmeland turlag, som er med på dagsetappane.

Me startar bratt opp mot fjellgarden Ytre Ramsfjell, derettar vidare mot Midtre og Indre Ramsfjell.  Her oppe er det ei fantastisk utsikt, og me kan lese om historia til desse spesielle bruka høgt over fjorden. Det er utruleg kor mange folk og dyr som har budd her i denne fjellskråninga. Frå Indre Ramsfjell tar me stien bratt nedover til Dale. Så følger me vidare sti inn til Vadla. Der stikk me innom butikken og ser om me finn noko godt, og avsluttar med ei god rast ved fjorden.

Turen er omlag 8 km, med bortimot 700 meter stigning til saman. Me brukar fort 5-6 timar.

Meir info om turen følgjer når det nærmar seg og følg med på Hjelmeland turlag si Facebookside 

Dagsturen er gratis -  men støtt gjerne vårt frivillige arbeid med å bli medlem i Hjelmeland Turlag/Den norske turistforeningen

Icon Oppmøtested