Go Norsk Friluftsliv to main content
07. aug. 2025

Jøsenfjorden inn : Nesvik-Indre Eiane

Mer informasjon
Jøsenfjorden inn : Nesvik-Indre Eiane
IconSted
Hjelmeland
Icon Tid
Kl. 10.00 - 16.00
Icon Arrangør
Hjelmeland turlag
Icon Kontaktperson
Svanhild Hjorteland Gbada
97007636
hjelmeland.turlag@dnt.no

Turen startar på Nesvik ferjekai kl 10.00:
Me går innover langsmed fjorden mot Røssenibben på greitt merka sti. Vidare blir det litt ulendt nedover mot Lyngstøl, før me finn god sti bratt ned mot Ytre Eiane.   Derifrå finn me ein gamal sti bratt opp igjen i retning Middagsåsen. Me passerer Holmatjødna, og ned Longa Dalen til Galtadalen, før me går ned ved Gaupekleiv og kryssar Rv13. Siste bit av dagens etappe går ned Eiadalen på nordsida av RV13 ned til Indre Eiane, som ligg ved fjorden. 

Turen er godt 18 km, med bortimot 1400 meter stigning til saman. Me brukar nok 9-10 timar. 

For dei som er med på dagstur, er turen over her ved Indre Eiane.   Me organiserer returkjøring til Nesvik herfra

Det blir ny dagstur frå Indre Eiane dagen etter: Sjå info om etappen frå Indre Eiane til Vadla 8. august.

For dei som vil ta dette som ein todagartur inn heile Jøsenfjorden; Nesvik-Vadla m/ teltovernatting i Indre Eiane:  info og påmeldingslink her.

Turleiar for todagarturen Åse Sellereite, i samarbeid med turleiar frå Hjelmeland turlag Svanhild Hjorteland Gbada, som blir med på dagsetappane.

Meir info om turen følgjer når det nærmar seg, og følg med på Hjelmeland turlag si Facebookside 

Dagsturen er gratis -  men støtt gjerne vårt frivillige arbeid med å bli medlem i Hjelmeland Turlag/Den norske turistforeningen




Icon Oppmøtested