25. november er det duka for ny frivilligsamling i trivelege omgjevnadar!
Det er ei glede for styret i Nordhordland Turlag å invitere sine frivillige til Bruvoll camping.
Tid: Tirsdag 25. november kl. 17.00 - 20.00
Det blir samling i «gammo» med bål og levande lys, perfekte rammer for turprat, turplanar og erfaringsdeling. Turprogrammet for 2026 vert tema.
Vi får mat og kaffi/varm drikke.
Alle er velkomne uansett om ein er ny eller ein dreven frivillig. Kjenner du nokon som ønskjer å bli frivillig er dette også eit gyldent høve til å invitere dei med for å bli kjent med vårt turlag.
Vi oppmodar til samkøyring om det let seg gjere. Kan du ikkje vere med frå start kl. 17.00, så kom innom når du kan.
Ta på gode/varme kler etter veret.
Vi håper så mange som mogleg vil delta på denne sosiale samlingen i novembermørket før julestria set inn.
Gratis (men du må melde deg på). Skrive i påmeldinga om du har allergiar eller omsyn å ta i matvalet.
Beste helsing styret i Nordhordland Turlag