Triveleg rundtur i gode og stort sett flate løyper.
Turstart frå Yddin Fjellstogo, etter å ha kjørt frå Heggenes mot Robøle, så på bomveg vidare. Snøtilhøva styrer kva for løyper som er kjørt opp, mest truleg går vi ned forbi Yddebu til bru over Yddeåne, og vidare over opne mot Yddestølen og Skatrudstølen. For å få ein passe runde går vi forbi stølen Bukono og nordvestover forbi Lomtjernhaugen og Gamasama. Til slutt opp att til Yddin Fjellstogo. Turen tek ca. 3 t.
Oppmøte: kl 10 ved Coop på Heggenes, evt. samkjøring vidare.