Turen startar på Oldevatn Camping. Parkering er godt skilta, og betaling med Vipps. Følg grusvegen til det første gardstunet og til venstre, godt skilta. Stien er godt merka.
Turen til Klovane er ein flott tur med spektakulær utsikt over fjord, fjell, vatn og isbrear. Turen går gjennom bratt terreng på høgresida av Gjølelva på god sti. Der kan være våte parti mot slutten av turen og her er det eit bratt parti med noko kliving før ein når platået på toppen. Her kan du nyte utsikta frå Rake i nord til Melkevollsbreen i sør.
Oppmøte ved Strynehallen kl 09.00 eller ved Olden Skule 09.30
Det er påmelding via linken på heimesida. Ein får ei bekrefting på e-post når ein er påmeldt.
Turen er gratis for medlem i DNT/INT og koster kr 200 for ikkje medlemar. Ikkje betal før turen starter. Vipps 108817.