I år feirar Kom deg ut-dagen 20år!
Me gjentar suksessen og stiller opp på Vierli laurdag 31.januar 11.00-14.00! Velkommen til ein flott aktivitetsdag for både små og store .
Barnas turlag Vinje vil igjen samarbeide med Rauland skisenter og gje alle ein gratis vinterdag med flotte og spennande aktivitetar på Vierli. Det vil bli:
Om de ynskjer ein lengere skitur på langrenn er løypa rundt Uvatn fin, ca. 4km .
Me fyrar opp i lavvoen og bålpannene i gapahuken, så ta med det de ynskjer å ete. I tillegg er kafeteriaen på Vierli open dersom nokon treng å trekke innandørs. Også er det eit supert leikerom i kjellaren for dei yngste som treng eit avbrekk frå kulda.
Turbo og Bruse - Vinje sin nye maskot - kjem og er klar for å møte både store og små.
Vell møtt til ein super Kom deg ut-dag og bli med å feir 20 år med uteglede!