Jølster Jeger- og fiskarforening inviterer alle som ønskjer å bidra i lokal viltforvaltning til ein sosial og lærerik dugnad der vi saman skal bygge kråkefeller etter gjeldande forskrifter.
Vi sørgjer for at fellene blir bygd i tråd med regelverket, og gir opplæring i korleis dei skal setjast ut og røktast forskriftsmessig.
📍 Stad: Erikstad i Årdalen
🗓️ Tid: 14. mars frå kl. 10 til kl. 17
Vi stiller med mat og drikke til alle som deltek – dette skal vere både hyggeleg og nyttig! (Hugs å melde deg på via påmeldingsknappen så det blir nok mat til at du og får)
Det er fellingsvederlag på kråkefugl i Jølster, og dei som ønskjer å vere med og røkte fellene i etterkant, får ta del i fordeling av vederlaget.
Kråkefugl har eit høgt predasjonstrykk på egg og kyllingar hos bakkehekkande artar. Ei godt organisert og forskriftsmessig fangst bidreg difor til å redusere presset på den sårbare rypebestanden i området. Ved å ta del i dugnaden er du med på å styrke bestanden og sikre betre vilkår for komande år.
Dette er ei flott moglegheit til å:
Velkommen til ein kjekk og samfunnsnyttig dugnad på Erikstad!