Dette er eit lågterskel arrangement ute i friluft - som er ope og gratis for alle. Ta med deg familien og ein ven eller fire, og bli med på ei uhøgtideleg stund rundt bålet med pølser, kaffi, kakao - og stemningsfull live-musikk! Ta den gode praten og opplev den gode stemninga rundt eit varmt bål i haustmørkret.