Bli med Barnas Turlag Haugesund på kveldsmattur til Villduene.
Me startar frå parkeringa ved Brakahaug skule. Her står det turledere i røde vester og ønsker dere velkommen.
Turen til Villduen er ein fin og rolig tur i skogen i området mellom Hemmingstad og Skåredalen.
Frå parkeringsplassen går vi på gangvegen nordover mot skulen. Vi har da Ytre tjern på venstre side. Me held fram forbi skulen på vestsida og tek til høgre på baksida av skulen.
Her føl me fin sti fram til tjernet Villduen eller Indre tjern. Her kjem den asfalterte sykkel- og gangstien som går over til Skåredalen. Vi går på denne eit par hundre meter til rasteplass med bord og benk på venstre side. Kanskje passar det å ta kveldsmaten her?
Vidare går me inn i furuskogen og held fram nordover og opp på høgda inne i skogen. Det går fleire stiar her, men alle samlar seg lengre nord i ein tydeleg sti. Her er det nokonlunde åpen skog. Etter kvart dreier stien vestover og går ned i søkket mellom Gåsavatnet i nord og Brakahaug skule. Me går langs den tydelige stien til venstre og held fram tilbake til Brakahaug skule.
Oppmøtetid: kl 17
Oppmøtestad: Parkeringsplass Brakahaug skule, Matrosvegen 17, Haugesund
Stigning: 50 m
Distanse: 2 km
Varighet: 1 t gangtid
Gradering: grøn- lett: Passar for alle. Små born kan bærast i bæremeis eller bæresele.
Turavgift: Ingen
Turledere: Ingebjørg Tordal, tlf 41557075 og Tiril H. Håland
Krav til deltaker: Du må være i god nok form til å bære din egen tursekk med mat, drikke og ekstra klede.
Deltakerutstyr: Til denne turen er det anbefalt med vanntette joggesko/tursko, eventuelt støvlar. Det kan vera gjørmete flere stader. Ta med sitteunderlag, matpakke, hovudlykt og gjerne ein ekstra gensar. Om det er litt kjølig eller vind treng vi vottar og lue.
Deltakers ansvar: Deltakar pliktar å lesa turbeskrivelsen grundig og vurdere om hun/han har fysisk og psykisk forutsetning for å gjennomføre aktiviteten. Det er viktig at alle passar på eigne born på heile turen.
Hund med på tur: Det er ikkje egnet å ha med hund på denne turen.
Påmelding: Husk å melde alle deltagerne på turen.
Vilkår: Les generelle vilkår som gjelder ved deltakelse på alle turene til Haugesund Turistforening uavhengig om det er påmelding eller ikke og som sier noe om deltakers ansvar.
Turbopass: for de som ønsker kan en kjøpe Turbopass til barna sine i butikken til turistforeningen i Haugesund eller på dntbutikken.no. For hver femte tur en er med på i regi av Barnas Turlag får barna en liten premie.
UT.no https://ut.no/kart/stedsnavn/55138/brakahaug#11.87/59.39919/5.3238
Følg oss på Facebook: legg inn lenk til Barnas Turlag / Haugesund Turistforening