Go Norsk Friluftsliv to main content
13. Dec 2025

Luciapadling fra Eiksund

Mer informasjon
Luciapadling fra Eiksund
IconSted
Ulstein
Icon Tid
Kl. 13.00 - 16.00
Icon Arrangør
DNT Sunnmøre
Icon Kontaktperson

Bli med på ei magisk Lucia-padling i vintermørket! 

Vi samlast på Eiksund den 13. desember for å lyse opp fjorden med hovudlykter, lanterner og god førjulsstemning. Beskriving: Oppmøte ved Eiksund kl. 13:00 – vi legg ut så snart alle er klare. Vi tar ein roleg padletur i skjerma område.

Tema: Lucia – ta gjerne med lys, pynt eller refleks for å skape glød i mørket. Hugs å ikkje ha lause lenker og liner på dekk som kan vere i vegen om ein går i vatnet.

Tid: Om lag to til tre timar.

Destinasjon: Vi vel retning og destinasjon på turdagen basert på vind og ver.

Pris: 50kr for medlem og 100 kr for ikkje-medlem

Krav til deltakarar: Dette er for deg som er minst 18 år, har minimum Grunnkurs - Havkajakk og lyst til å padle saman med andre. Alle deltakarar må kunne padle trygt i vinterforhold og bruke godkjent flyteutstyr.

Krav til personleg utstyr og klede – Om vinteren er det krav om at alle deltakarar bruker tørrdrakt med egna ullundertøy. Lue, buff og hanskar er nødvendig. Ta med ekstra klesskift og varme klede til pause og etter padling. Deltakarane må ha god synlegheit i skumringa og når det blir mørkt gjennom refleks og dekkslys. - Ta med eigen mat og snacks og ein termos med varm drikke.  Du bør ha vanntette pakkposar til lommebok, mobil og klesskift. Ta med tryggleiksutstyr som taueline og ekstra åre om du har. 

Min. antal: 3. Maks.: 8.

Turleiarar: Veronika og Anne-Mette.

Velkomne til ein stemningsfull tur på den mørkaste tida på året – saman lyser vi opp fjorden!"


Medlemmer i DNT støtter sin lokale forening i drift av hytter, ruter og aktiviteter for de aller fleste. Melder du deg inn, får du rabatt ved overnatting på alle DNT-hytter i Norge, på aktiviteter og i tur- og nettbutikk. Du får også friluftsmagasinet Fjell og Vidde 5 ganger i året og en rekke andre medlemsfordeler. Her kan du lese mer om medlemskap og melde deg inn.

Icon Oppmøtested