Vi møtast i Sogndal for samkøyring ved Almenningen (Lægreid hotell), og dreg kl. 08:00. Vi sett att nokre bilar på fjærlandssida og køyrer vidare gjennom Fjærlandstunnelen for parkering og start å gå frå Lundebotn ca kl. 09:00.
Vi går roleg, men jamt, opp den bratte stien i Lundeskaret, ca 650 meter stigning til toppen av skaret på ca 1000 moh. Vidare i slakare stigning retning Trollavatnet og så igjen noko stigning til Marabreen. Breen er ganske flat i starten og truleg fri for snø. Siste bakken på bre/snø opp til passet mellom Kvitevardane (ca 1400 moh) er litt brattare. Så er det berre unnabakke ned til Bøyadalen.
Turen tek 8-10 timar og er gradert som ekstra krevjande fordi vi går både på bre, over snøfenner, i bratt terreng, stadvis utan sti og fordi turen har mange høgdemeter og er lang.
Gaute Dvergsdal Bøyum er med som breførar gjennom sitt firma Mountaingoat.
Anne Rudsengen er turleiar i tillegg til breføraren.
Turen blir avlyst viss det er for dårleg vêr.
Turen er krevende og det forventes at deltakeren er i god fysisk form og kan være ute hele dagen.
Ta kontakt med turleiar eller breføreren viss du har spørsmål til turen.
Det er mogleg å låne breutstyr (stegjarn, isøks og klatresele) hjå Gaute. Det er viktig at ein bruker fjellstøvler på turen slik at stegjarna sit godt. Kvar deltakar må bære breustyr sjølv i eigen sekk.
Skriv i kommentarfeltet ved påmelding om du vil leige breutstyr eller har sjølv.
Breførar Gaute Dvergsdal: 916 16 748
Turleiar Anne Rudsengen: 959 63 888