Frå Tua har du flott utsikt utover mot Gurskøya, og også mot Lystad/Liadal. Mykje utsikt for strevet 🙂
Vi startar frå Eidheim og går første del av denne ruta https://morotur.no/tur/Helgehornet-fraa-Eidheim
Nokså lett tur som passar for alle som har gått litt tur før. Tua er eit flott utsiktspunkt. Du treng ikkje melde deg på. Vi samkøyrer frå Volda til turstart på Eidheim. Vil du møte på Eidheim bør du vere der kl.18.15. Vent på oss der.