Go Norsk Friluftsliv to main content
08. Sep 2025

Mandagstur til Tua frå Eidheim

5e9c88e2 b735 46f9 b4bb cae501a0dcf0 1 all 77008
IconSted
Volda
Icon Tid
Kl. 18.00 - 23.59
Icon Arrangør
Friluftsforeninga Volda
Før du skal sette deg i godstolen og vente på valresultatet, er det fint å få seg ein luftetur. Dette er ein forholdsvis lett tur. 2,2 km kvar veg og 230 høgdemeter.

Frå Tua har du flott utsikt utover mot Gurskøya, og også mot Lystad/Liadal. Mykje utsikt for strevet 🙂 
Vi startar frå Eidheim og går første del av denne ruta https://morotur.no/tur/Helgehornet-fraa-Eidheim

Nokså lett tur som passar for alle som har gått litt tur før. Tua er eit flott utsiktspunkt. Du treng ikkje melde deg på. Vi samkøyrer frå Volda til turstart på Eidheim. Vil du møte på Eidheim bør du vere der kl.18.15. Vent på oss der.

Icon Oppmøtested
Avreise frå Volda kl.18. Oppmøte på P-plass tvers over vegen for Kårstadvegen 5. Vi samkøyrer.