Sande frivilligsentral og Sande kulturskule arrangerer KulTur i Vardevegen med innslag frå kulturskule og ei sosial og aktiv stund i fine omgjevnadar.
Arrangør: Sande frivilligsentral og Sande kulturskule
Vi inviterer til KulTur i Vardevegen med innslag frå kulturskulen, sosialt samvær og aktivitetar i fine omgjevnadar.
Vi tenner opp i bålpanna – ta med grillmat eller anna niste.
Program
- Kl. 14.00 – Oppmøte ved gapahuken i Vardevegen, 6084 Larsnes.
- Natursti med quiz på ulike punkt i løypa.
- Kl. 15.00 – Innslag frå kulturskulen i gapahuken.
- Bålpanna er tent – tid for mat og sosialt samvær.
- Her finn du også fasiten på quizen.
- Kl. 16.00 – Takk for i dag! 😊
Praktisk info
- Ta med grillmat eller anna niste.
- Inviter gjerne med ein venn!