Frå toppen av Marsåhyrna er det ei fantastisk utsikt over Oppstryn og Strynedalen.
Turen startar med å køyre eit stykke på skogsvegen frå Veslebygda (bilen må være litt høg).
Frå parkeringa fortset vi oppover Furedalen på ganske god sti. Vi passerer Furesetra og kjem opp til det 1. Botnevatnet der det er fleire hytter.
Derifrå går turen utan sti til toppen av Marsåhyrna (1340 moh.) der det truleg blir løn for stevet i form av flott utsikt.
Etter ein god pause på toppen returnerer vi same veien.
Ein kan forvente at turen tar 6-8 timar.
Oppmøte ved Strynehallen klokka 09.00
Det er påmelding via linken på heimesida. Ein får ei bekrefting på e-post når ein er påmeldt.
Turen er gratis for medlem i DNT/INT og koster kr 200 for ikkje medlemar. Ikkje betal før turen starter. Vipps 108817.